Leige av Foldøy leirskule

Ynskjer du å oppleve kysten og det flotte kulturlandskapet på Foldøy - kystperla i Rogaland?
Då er du velkomen til Suldal kommune sin leirstad, Foldøy leirskule. Staden er spesielt godt egna for skuleklassar, større familiegrupper, lag og organisasjonar.
Leirskulen har òg eit naust med motorbåt som kan leigast av båtvante folk.


Litt om staden
Leirskulen held til i det gamle skulehuset på Foldøy. I mange år har grunnskulen i Suldal nytta staden til leirskule, difor namnet.
Bygningane er renovert fleire gonger, sist i 2003. Staden har 28 sengeplassar, stove, kjøkken, spisesal, 2 dusjar og 2 toalett. Huset har hage med eigen grill og enkle bord og benkjer i vedskjulet.

Tilhøyrande naust med båt.
I 1996 vart det bygt nytt naust til Foldøy leirskule. Her er det båt med årar og motor som kan leigast av båtvande folk, på eige ansvar.

Foldøy leirskule for skuleklassar.
Foldøy leirskule har i mange år vore stad for eit lærerikt og godt ekslursjonsopplegg for Suldalsskulane og andre skular.

Det er òg laga til eit informasjonshefte med tips og idear til eit pedagogisk opplegg på Foldøy. Heftet finn du på denne adressa på internett: http://suldal.miljostatus.no/msf_themepage.aspx?m=3002

Tinging av plass, prisar  og meir informasjon
Det er Gullingen leirskule som har ansvaret for drift og utleige på Foldøy. Prisane vert fastsett av kommunestyret i Suldal. Sjå link til produktark, eller kontakt oss pr. brev, telefon eller e-post.

Gullingen leirskule,
4230 SAND
Tlf: 52 79 08 70
E-post: jan.erik.kristensen@suldal.kommune.no

Legg sommarferien til Foldøy i år!

Publisert av Jan Erik Kristensen. Sist endra 03.08.2010
     
Validator
Levert av ACOS AS
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.